Seniorkonsulent/rådgjevar - utviklar/programmerar - Medialab
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning –Medielab–har ledig ei fast 100% stilling som utviklar/programmerar
Vil du vere med og utvikle framtidas digitale løysingar for utdanning og forsking?
Medielabsøker ein dyktig og engasjert utviklar/programmerar til ei fast100% stilling som seniorkonsulent/rådgjevar.
Vi ser etter deg som har praktisk erfaring med programvareutvikling, og som trivst med å arbeide med ulike teknologiar og problemstillingar. Du har erfaring med kunstig intelligens og ny teknologi, og blir motivert av å utvikle løysingar som kan takast i bruk innan utdanning, forsking og innovasjon.
Som utviklar i Medielabblir du ein del av eit kreativt og tverrfagleg miljø. Arbeidsoppgåvene spenner frå utvikling av nettbaserte løysingar og arbeid med databasar til utforsking og implementering av kunstig intelligens og anna ny teknologi.
Du vil delta i ulike delar av utviklings- og produksjonsløpet – frå idé, behovskartlegging og planlegging til utvikling, testing, implementering og ferdig leveranse.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, raskt setje deg inn i nye problemstillingar og ta ansvar for eigne oppgåver. Samstundes er det viktig at du samarbeider godt med resten av teamet og med ulike fagmiljø ved HVL.
Arbeidsstaden vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon, og noko reiseverksemd må påreknast.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Utvikle, teste, implementere og vidareutvikle applikasjonar, nettbaserte løysingar og andre digitale system frå idé til ferdig løysing.
- Arbeide med databasar og integrasjonar mellom ulike system og tenester.
- Utforske, prøve ut og implementere ny teknologi, inkludert løysingar baserte på kunstig intelligens (KI).
- Bidra med teknisk utvikling og problemløysing i innovasjons-, forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning og forsking.
Bidra med teknisk rådgjeving, dokumentasjon og kunnskapsdeling.
Kvalifikasjonskrav:
Kvalifikasjonskrav
- Fullført bachelorgrad innan IT, informatikk, programvareutvikling eller andre relevante teknologifag.
- Relevant erfaring med programvareutvikling.
- Erfaring med utvikling av nettbaserte løysingar og bruk av frontend- og/eller backend-teknologiar.
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
Ønskte kvalifikasjonar
- Erfaring med utvikling eller implementering av løysingar baserte på kunstig intelligens (KI).
- Erfaring med databasar og datadrivne løysingar.
- Erfaring frå team- og prosjektarbeid, gjerne innan utvikling, innovasjon eller forsking.
Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har interesse for teknologi, utvikling og innovasjon
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- er løysingsorientert og har gode evner til problemløysing
- er nysgjerrig, lærevillig og har evne til å setjedeg inn i ny teknologi
- samarbeider godt med andre og deler kunnskap og erfaringar
Det vil bli lagt stor vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Eit spennande og tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåvene.
- Høve til å arbeide praktisk med ny teknologi innanutdanning, forsking og innovasjon.
- Høve til kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som utviklar/programmerar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1353 - seniorkonsulent/stillingskode 1434- rådgjevar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Bakgrunnssjekk
For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
- Einingsleiar Sigrid Jordal Havre, telefon: 55 58 58 15, e-post Sigrid.Jordal.Havre@hvl.no