Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL

Stilling
Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast 100% stilling som Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for maskin- og maritime fag, campus Haugesund.

Om stillingen:

Har du erfaring frå maskinrommet og tankar om kva framtidas maskinoffiserar må kunne? No får du høve til å bruke kompetansen din til å byggje opp ei heilt ny bachelorutdanning ved Høgskulen på Vestlandet. 

Høgskulen på Vestlandet skal utvikle ei framtidsretta bachelorutdanning for maskinoffiserar ved campus Haugesund. Vi søkjer derfor ein engasjert maskinoffiser som vil ta ei sentral rolle i utviklinga av det faglege innhaldet og bidra i etableringa av utdanninga.

Dette er stillinga for deg som ønskjer å ta med deg erfaringane frå sjøen inn i utdanningssektoren, og som vil vere med og påverke kva kompetanse den maritime næringa skal ha i framtida.

Maritim næring er inne i ei omfattande grøn og teknologisk omstilling. Nye framdriftssystem, alternative drivstoff, elektrifisering, batteri- og hybridsystem, digitalisering og automatisering endrar både fartøya og kompetansekrava til maskinoffiserar. Samstundes har næringa behov for fleire kvalifiserte maskinistar og maskinoffiserar. 

Du vil samarbeide tett med prosjektleiinga og relevante fagmiljø ved HVL om å utvikle studieprogrammet. Arbeidet omfattar mellom anna læringsutbytte, emneinnhald, fagleg progresjon, vurderingsformer og samanhengen mellom teori, verkstadopplæring, simulator, laboratorium og praksis. Ei sentral oppgåve blir å sikre god kopling mellom utdanninga, STCW-konvensjonen, norske sertifikatkrav og dei faktiske kompetansebehova i næringa. 

Stillinga gir deg ei unik moglegheit til å påverke ei ny utdanning frå første skisse til ferdig studieprogram. Her skal du ikkje berre undervise i eit etablert løp. Du skal vere med og teikne sjølve kartet.

Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund.


Ansvars- og arbeidsområde:

Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av den nye bachelorutdanninga. Aktuelle oppgåver vil vere å: 

  • bidra til å utvikle den faglege profilen og strukturen for bachelorutdanninga 
  • utvikle læringsutbyttebeskrivingar, emnebeskrivingar, fagleg progresjon og relevante vurderingsformer 
  • kartleggje og dokumentere korleis utdanninga skal oppfylle relevante STCW-krav og norske sertifikatkrav 
  • bidra til utvikling av samsvarsmatriser mellom læringsutbytte, emneinnhald og sertifikatkrav 
  • sikre at operativ erfaring og behov frå maskinrommet blir integrerte i studieprogrammet 
  • bidra til å utvikle modellar for verkstadopplæring, sikkerheitskurs, simulator- og laboratorieaktivitet 
  • kartleggje behov for utstyr, areal, verkstad- og laboratoriekapasitet 
  • delta i behovskartlegging og dialog med rederi, maritime verksemder, styresmakter og utdanningsaktørar 
  • bidra i HVL sin interne akkrediterings- og kvalitetssikringsprosess 
  • samarbeide med fagmiljø innan maskin, elektro, nautikk, sikkerheit og beredskap 
  • bidra til planlegging av undervisning og oppstart av utdanninga 
  • kunne delta i undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid når studieprogrammet blir sett i drift 

Prosjektet skal også utvikle samarbeid om verkstadopplæring, sikkerheitskurs, kadettløp og simulator- og laboratoriebruk. Partnarane skal omfatte regionale rederi og maritime aktørar gjennom SURF (Skipsfartens utdannings- og rekrutteringsforum). Sjøfartsdirektoratet vil vere ein sentral dialogpart i spørsmål om sertifikat- og godkjenningskrav.


Kvalifikasjoner:

Vi søkjer deg som har: 

  • maskinoffisersertifikat på relevant nivå, fortrinnsvis M1 eller M2 
  • relevant sjøteneste og god operativ erfaring frå drift og vedlikehald av maritime maskin- og energisystem 
  • god kjennskap til maskinoffiseren si rolle, ansvarsområde og kompetansebehov 
  • kjennskap til relevante delar av STCW-konvensjonen og norske sertifikatkrav 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk 
  • evne til å kommunisere og samarbeide på engelsk 
  • Relevant høgare utdanning innan marinteknisk drift, maskinfag, marine system eller tilsvarande vil vere ein fordel. Omfattande og særleg relevant yrkeserfaring kan bli vurdert opp mot utdanningsbakgrunnen, innanfor dei formelle krava som gjeld for stillinga. 

Det kan gjerast unntak frå kravet om bachelorgrad og vurderast tilsetjing i stilling som avdelingsingeniør for søkjarar med maskinoffisersutdanning frå fagskule, dersom vedkomande elles blir vurdert som særs godt eigna ut frå dei øvrige krava i stillingsutlysinga.

Det kan òg gjerast unntak frå kravet om sertifikat på nivå klasse 1 eller frå kravet om erfaring som maskinsjef eller 1. maskinist for søkjarar som elles blir vurderte som særs godt eigna for stillinga. Det same gjeld søkjarar med erfaring frå undervisning og simulatorundervisning innan maritim utdanning.

Den som blir tilsett, kan bli pålagd å gjennomføre kurs i universitetspedagogikk og anna kompetanseheving etter behov.
 

Ønskede kvalifikasjoner 

Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område: 

  • nyare framdrifts- og energisystem 
  • automasjon, digital overvaking og integrerte kontrollsystem 
  • energieffektiv drift og utsleppsreduserande tiltak 
  • vedlikehaldsleiing og teknisk leiing 
  • tryggleik, risikovurdering og beredskap 
  • simulator-, laboratorie- eller verkstadopplæring 
  • opplæring, undervisning, instruksjon eller rettleiing 
  • utvikling av kurs, fagplanar eller kompetansekrav 
  • samarbeid med rederi, styresmakter, opplæringsaktørar eller utdanningsinstitusjonar 
     

Erfaring frå utdanning er positivt, men vi er først og fremst interesserte i solid maritim kompetanse, utviklingsvilje og eit sterkt engasjement for å føre praktisk erfaring vidare til nye generasjonar maskinoffiserar. 

Personlige egenskaper:

Vi ser etter deg som: 

  • ønskjer å vere med og byggje opp noko nytt 
  • arbeider strukturert og kan omsetje operativ erfaring til fagleg innhald 
  • er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert 
  • samarbeider godt med personar med ulik fagleg bakgrunn 
  • kan sjå samanhengen mellom teknologi, operasjon, tryggleik og kompetanse 
  • trivst med både detaljerte faglege problemstillingar og langsiktig utviklingsarbeid 
  • kommuniserer tydeleg og engasjerande 
  • har respekt for både den praktiske og akademiske sida av profesjonsutdanninga 

    Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. 

Kvifor skal du velje HVL?

Hos oss får du: 

  • ei nøkkelrolle i utviklinga av ei ny bachelorutdanning 
  • høve til å påverke utdanninga før emne, læringsutbytte og undervisningsformer er ferdig fastsette 
  • bruke den maritime erfaringa di til å forme kompetansen til framtidas maskinoffiserar 
  • arbeide i eit tverrfagleg miljø innan maritime fag, maskin, elektro, tryggleik og beredskap 
  • samarbeide tett med rederi, maritime verksemder, utdanningsaktørar og relevante styresmakter 
  • bidra til grøn og digital omstilling i ei av Noregs viktigaste næringar 
  • vere med og styrkje Haugesund og Vestlandet som maritim utdannings- og kompetanseregion 
     

Utdanninga skal utviklast i tett samarbeid med den maritime næringa og skal gi kandidatane kompetanse innan mellom anna moderne driftssystem, alternative energiberarar, digital tryggleik, verkstadopplæring og sikker drift. 


Korleis søkje på stillinga?

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde 

  • søknadsbrev 
  • CV 
  • dokumentasjon på utdanning og sertifikat 
  • dokumentasjon på relevant sjøteneste og arbeidserfaring 

Vi ønskjer gjerne at du i søknaden skriv kort om: 

  1. kva erfaring du meiner er mest relevant for utviklinga av utdanninga 
  2. kva framtidas maskinoffiserar etter di vurdering må kunne 
  3. kvifor du ønskjer å gå frå å drifte maritime system til å vere med og forme ei ny utdanning 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte ut frå informasjonen som er registrert i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sjå til at alle relevante vedlegg er lasta opp innan fristen, mellom anna attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 50 MB, må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga svarar til norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er omfatta av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning på nettsidene til HK-dir.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så snart som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at søknaden er motteken.

Søknadene blir sende elektronisk til den sakkunnige komiteen. På grunnlag av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:

  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • eit spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og fagleg utvikling
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • ein arbeidsplass med engasjerte og kompetente kollegaer

Stillinga som høgskolelærar er lønna etter Statens lønsregulativ, i st.kode 1007 - Høgskolelærer / st.kode 1008 Høgskolelærer / st.kode 1084 Avdelingsingeniør

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir behandla etter reglane i offentleglova. Søkjarar som har bede om å bli unnatekne frå den offentlege søkjarlista, vil bli varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

Ved HVL meiner vi at mangfald gir breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar gjer oss betre i stand til å finne gode løysingar på oppgåvene våre. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Les meir om positiv særbehandling i staten på nettsidene til DFØ.

Vi tek atterhald om at plasseringa av stillinga i organisasjonen kan bli endra som følgje av eventuelle justeringar i den interne organiseringa ved HVL.

Høgskulen på Vestlandet er underlagd eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan kome til bruk ved behandlinga av søknadene.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterende instituttleder Robert Drønen, epost: rodr@hvl.no, tlf.: 48138318


Inkludere, utfordre og samhandle

Les mer på våre hjemmesider.


Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter