Førsteamanuensis /førstelektor/ høgskulelektor i vernepleie
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)er det ledig to faste 100% stillingar som førsteamanuensis /førstelektor/ høgskulelektor innan vernepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Haugesund
Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking.
Stillingane er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga, men ein må og rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.
Det må påreknast noko reiseverksemd til andre campus.
Arbeidsstad er ved campus Haugesund.
Om stillingane
Vi søkar etter to vitskaplege stillingar på deltidsutdanninga bachelor i vernepleie ved campus Haugesund. Vernepleiarutdanninga har fått tildelt nye studieplassar knytt til deltidsutdanninga, og første opptak er hausten 2027. Tildelinga av nye studieplassar medfører at det skal byggjast opp eit fagmiljø knytt til vernepleie ved campus Haugesund. Dei to nytilsette vil ha ei viktig rolle i det arbeidet i samarbeid med andre fagtilsette ved vernepleiarutdanningane i Bergen og Sogndal. Oppbygginga skal skje over tre år.
Ansvars- og arbeidsområde:
- Undervisning, ferdigheitstrening, emneansvar, seminarleiing innan vernepleiefaglege emne samt andre relevante fagområde og innan fakultetet sine forskingsprofilar
- Vurdering og sensur, rettleiing og oppfølging av studentar, herunder praksisoppfølging
- Pedagogisk utviklingsarbeid og vidareutvikling av utdanningstilboda ved instituttet
- Bidra i dei ulike faglege institusjonsbyggjande oppgåvene, til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
- Bidra til forskings-, utviklings- og formidlingsarbeid med relevans for fagområdet vernepleie, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
- Bidra til utvikling og gjennomføring av utdanningar på tvers av studieprogram, fagmiljø og campusar
- Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
- Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
Kriterium for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulektor fremgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven
Førsteamanuensis
For å innfri kvalifikasjonskrav til førsteamanuensis vert det kravd minst:
- doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarende nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet
Søkjarar må ha relevant profesjonsutdanning på masternivå eller tilsvarande kompetanse.
Førstelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til førstelektor vert det kravd minst:
- høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
- bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innan fagområdet/yrkesfeltet
- relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkere bør fortrinnsvis ha autorisasjon som vernepleiar.
Høgskulelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til universitets- og høgskulelektor vert det kravd minst:
a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
d. relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkjarar må fortrinnsvis ha profesjonskompetanse og norsk autorisasjon som vernepleiar. Andre relevante profesjonsutdanningar vil og bli vurderte. Søkjarar må normalt ha karakter A eller B på masteroppgåva. Erfaring, kompetanse og forskingsarbeid kan kompensere for karakterkravet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vert vektlagt.
For alle stillinger vert det kravd:
- Utdanningsfagleg kompetanse (se eige avsnitt under)
- Interesse for, og fortrinnsvis erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
- God IKT-kompetanse
Ønskte kvalifikasjonar
- Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
- Erfaring med forskings- og utviklingsarbeid
- Erfaring med praksisnære forskingsprosjekt
- Erfaring med å skrive søknader og skaffe ekstern finansiering
- Erfaring med og interesse for internasjonaliseringsarbeid
- Erfaring med velferdsteknologi og digitalisering
- Erfaring med tverrprofesjonelt samarbeid
Personlege egenskaper:
- Sjølvstendig og ansvarleg
- God evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
- Fleksibel og løysingsorientert
- God evne til formidling
- Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Utdanningsfagleg kompetanse
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål.
Utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
For aktuelle stillinger gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkere i samarbeid med ekstern leverandør, for å verifisere opplysninger som framgår av tilgjengelige dokumenter. Bakgrunnssjekk skjer alltid med kandidatens samtykke, og ansettelse i disse stillingene forutsetter gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkere vil motta nærmere informasjon om dette.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Assisterande instituttleiar Vigdis Reisæter, tlf. 57 67 76 32
2) Instituttleiar Øyvind Reehorst Kalsås, tlf. 55 58 71 18