Høgskulelærar i medieproduksjon - st.nr. 16/2026

Stilling
Høgskulelærar i medieproduksjon - st.nr. 16/2026
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Arbeider du med film, TV eller audiovisuell innhaldsproduksjon, og ynskjer du å bruke kompetansen din til å utdanne morgondagens medieprodusentar? Då er dette jobben for deg! 

Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for mediefag (AMF), har vi ledig ei 100% fast stilling i medieproduksjon ved Institutt for film og animasjon, frå 1. januar 2026. Dato for oppstart kan justerast etter avtale.

Ved bachelorprogrammet i medieproduksjon får studentane lære å produsere audiovisuelt innhald, einkamera- og fleirkameraproduksjonar, podcast og videoinnhald for ulike plattformar. Dei lærer om heile prosessen med idé- og konseptutvikling, research, visuelt språk og produksjonsteknikk, og får erfaring frå arbeid med regi, foto, lyssetting, lyd, klipp og produksjonsleiing. 

Vi ser difor etter ein person som kan undervise i postproduksjon for video, klipp, fargekorrigering, grading og grunnleggjande lyddesign. 

Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda. 


Kvalifikasjonar

 Kvalifikasjonar 

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven. 

Den som vert tilsett må ha: 

  • Relevant bransjeerfaring innan praktisk medieproduksjon med fokus på postproduksjon
  • Kompetanse og erfaring med klipp og etterarbeid av video og lyd
  • Kompetanse innan audiovisuell historiefortelling 
  • Undervisnings eller rettleiingskompetanse og kunne rettleie i heile produksjonsprosessen, frå idéutvikling og planlegging til opptak og postproduksjon 
  • Bachelorgrad eller tilsvarande innan fagområdet. 

Omfattande arbeidserfaring kan i nokre tilfeller kompensere for manglande formell utdanning 

Det er i tillegg ein fordel om du: 

  • Har erfaring innen fargekorrigering og grading 
  • Har erfaring med postproduksjon av lyd og lyddesign 
  • Har god teknisk kompetanse relevant for videoproduksjon 
  • Har interesse for bruk av ny teknologi og utvikling av forteljarformer på ulike plattformer og medium
  • Har relevant praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, evne til å ta initiativ, vere strukturert og arbeide både sjølvstendig og i team vil vere viktig. 

Søkjar må dokumentere eigen kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, samt eventuelle FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon. Det er ønskjeleg at søkjar legg ved dokumentasjon på filmar eller prosjekt med rollebeskriving som kan dokumentere søkjar sin kompetanse innan fagfeltet. Personlege eigenskapar vert vektlagt. 


Arbeidsfelt

Stillinga skal dekke undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid innan medieproduksjon med fokus på klipp og etterarbeid av video. Den som vert tilsett vil etter kvart få emneansvar, noko som gjer at det også følgjer ein liten administrative ressurs med i stillinga. 


Vi tilbyr

Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd. Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda og Avdeling for mediefag har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt knytt til mediefag. 

Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn for stillingstypen ved Høgskulen i Volda. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 535 580 – 667 260 i stillingskode 1007 høgskulelærar ved Høgskulen i Volda. 


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.


Kontakt

Ivar John Erdal, Dekan 

Telefon: 90 91 95 96 | E-post: ivar.john.erdal@hivolda.no 

Jon Harman, Programleiar bachelorgrad i medieproduksjon 

Telefon: | E-post: jon.harman@hivolda.no 


Om avdelinga

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største utdanningsmiljø innan mediefag med rundt femti tilsette og over 500 studentar. Avdelinga har blant anna utdanning i journalistikk, animasjon, medieproduksjon, og PR, kommunikasjon og media. Avdelinga har også̊ ein engelskspråkleg mastergradsutdanning i Master in Media Practices. 


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter