Rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde

Stilling
Rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Lokasjon
Kokstad
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar og tolk. Vi ser etter deg som brenn for tolkeyrket, gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.

Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.

Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.

Arbeidsoppgaver

  • samarbeid med andre fagprofesjonar om å sikre gode overgangar og god tilrettelegging for høyrselshemma, døve og døvblinde
  • vere utøvande tolk, organisera brukarmøter og drive saksbehandling
  • delta i tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging, og bidra med tolkekompetanse når vi utviklar tenester innan arbeid og utdanning
  • bidra til systemretta arbeid saman med kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar, og sikre at vi ser kommunikasjon, tenester og hjelpemiddel i ein større heilskap
  • drive undervisning og rettleiing av brukarar og samarbeidspartnarar

Ambulant verksemd må påreknast

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som har:

  • bachelorgrad i teiknspråk og tolking, eller tidlegare tilsvarande utdanning
  • førarkort klasse B
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter


Vi ynskjer at du har:

  • erfaring med arbeid i offentleg sektor og tverrfaglege team
  • god kompetanse i alle tolkemetodar
  • kjennskap til hjelpemiddel og tilrettelegging
  • erfaring eller utdanning innan systemarbeid som gjer deg betre rusta til å møte utfordringane som er skisserte i omverdsanalysen og målbiletet vårt

Personlige egenskaper

  • engasjert og løysingsorientert
  • god til å bygge relasjonar, samarbeider godt både internt og eksternt, og trivst med arbeid i tverrfaglege team
  • framtidsretta, strategisk og trivst med forbetringsarbeid og utvikling
  • ein inspirerande lagspelar som ser verdien i kompetanseutvikling og trivsel i arbeidsmiljøet
  • sjølvstendig, ansvarsbevisst og glad i arbeidsoppgåver med høg fagleg kompleksitet

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss, får du:

  • spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • fleksitidsordning
  • moglegheit for å trene i arbeidstida
  • moglegheit for hybrid arbeidskvardag
  • stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar. Lønn frå 639 000 til 729 000 kroner.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse

 

Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.

 

Kontaktperson

Hans Jørgen Svabekk, leiar for avdeling Tolk, 926 63 111, hans.jorgen.svabekk@nav.no

Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no

Kontaktinformasjon

Hans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar tolk, 926 63 111, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, Avdelingsleiar Rådgivning , 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5204428265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktpersoner
Leif Fauskanger
Avdelingsleiar Rådgivning
Hans Jørgen Svabekk
Avdelingsleiar tolk
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter