Helsefagarbeidar

Stilling
Helsefagarbeidar
Lokasjon
Gurskøy
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
14. okt.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?

Myrvåg omsorgssenter seksjon A, søkjer etter ein helsefagarbeidar til 80% fast stilling for tida organisert med arbeid kvar tredje helg i tredelt turnus. Hovudtyngda av arbeidsvakter er organisert med dag, aften og langvakter på 12,5 timar. Arbeidsstad vert ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A fram til 30.08.2027. Vidare kan arbeidsstad for stillinga verte ved seksjon A eller ein annan seksjon i avdeling pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026

Ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A, møter du eit inkluderande arbeidsmiljø som tek vare på kvarandre. I det daglege arbeidet møter du faglege utfordringar, kollega med høg fagkompetanse og tverrfagleg samarbeid. 

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald


Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. 

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5182851380
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Anna Emilie Blomstervik
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter