Lærar

Stilling
Lærar
Lokasjon
Fosnavåg
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
07. des.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette. Vi har no ledig eit vikariat frå 1.1.27-30.06.27, (med moglegheit for forlenging)  på 80 %  som lærar for vaksne deltakarar.

Kvalifiseringssenteret er organisert under sektor for kultur og oppvekst, saman med kulturavdelinga, skule, barnehage og kulturskulen.

 

 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i norsk som andrespråk og grunnmodul (alfabetisering) i grunnskuleopplæring
  • Undervisning i samfunnskunnskap og arbeidsnorsk
  • Funksjon som kontaktlærar
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar i bedrifter i høve praksis for deltakarar på norskopplæring
  • Tett samarbeid med flyktningtenesta og NAV
  • Leggje til rette for best mogleg kvalifisering for å meistre eigen kvardag i Noreg

 

Kveldsundervisning ein gong i veka kan påreknast.


Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning og studiepoeng i norsk
  • Bør ha 30 studiepoeng i norsk  som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
  •  Erfaring frå tilsvarande arbeid vil vere ein fordel
  • God digital kompetanse         

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing. 

Personlege eigenskapar

  • Verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
  • Ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar
  • Fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver
  • God formidlingsevne, har tydeleg kommunikasjon
  • God på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling
  • Er målretta og har evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap
  • Heilskapleg tenking  med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring
  • Personleg rettleiing og samhandling
  • God pensjonsordning og fritidsforsikring  

Vi tilset på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarliste kan verte offentleggjort.

Herøy kommune er kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25.000,- kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Kontaktinformasjon

Camilla Storøy, Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret, 41424728

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 23
6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5213583570
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Søknadsfrist: 07.12.2026

Kontaktpersoner
Camilla Storøy
Avdelingsleiar, kvalifiseringssenteret
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter