Vil du leie eit viktig knutepunkt i helse- og omsorgstenestene?

Stilling
Vil du leie eit viktig knutepunkt i helse- og omsorgstenestene?
Lokasjon
Hemsedal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. des.
Få påminnelse
27 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Avdelingsleiar for tildelingskontoret – 100 % vikariat

Har du eit engasjement for gode tenester, rettstryggleik og utvikling? Vi ser etter ein trygg og framtidsretta leiar som vil vere med på å sikre at innbyggjarane i Hemsedal får rett hjelp til rett tid.

Tildelingskontoret er kommunen sitt forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Her møtest faglege vurderingar, lovverk, innbyggjarane sine behov og kommunen sine ressursar. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å utvikle heilskaplege, berekraftige tenester med vekt på tidleg innsats, meistring og kvalitet.

Dette blir di rolle

  • Leie og utvikle tildelingskontoret, med ansvar for personal, fag og økonomi.
  • Sikre forsvarleg sakshandsaming, gode individuelle vurderingar og kvalitet i tildeling av tenester.
  • Bidra til samhandling på tvers av fagmiljø og tenester, slik at innbyggjarane møter eit heilskapleg tilbod.
  • Ta aktiv del i utviklingsarbeidet i helse og omsorg og bidra til gode løysingar innanfor faglege, juridiske og økonomiske rammer.
  • Støtte, inspirere og utvikle medarbeidarar i eit viktig kompetansemiljø.

Vi ser etter deg som

  • Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
  • Har god kjennskap til relevant lovverk og erfaring med sakshandsaming
  • Har relevant leiarerfaring; leiarutdanning er ønskjeleg, men lang leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
  • Kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og skaper tillit
  • Arbeider strukturert og heilskapleg, tek gode avgjerder og står støtt i krevjande vurderingar
  • Ser moglegheiter for utvikling og evnar å få andre med på endring

Dette kan vi tilby

  • Ei meiningsfull leiarrolle med høve til å påverke tenestene og utviklinga i kommunen.
  • Ein variert arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og spennande faglege problemstillingar.
  • Eit arbeidsmiljø med samarbeid, ansvar og rom for initiativ.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Praktisk informasjon

Stilling: 100 % vikariat  |  Vikariatperiode:  01.03.2027 -  15.08.2028 

Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet helse og omsorg. Avdelingsleiaren rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.

Søknad skal sendast elektronisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.

Spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med kommunalsjef for helse og omsorg, Anita Foss Midlang, telefon 90 01 62 78.

Vi håpar å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Anita Foss Midlang
Kommunalsjef Helse og omsorg
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter