Sjukepleiar søkjast til vikariat

Stilling
Sjukepleiar 62,5% 1 års vikariat
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du jobba på ei spennande og variert avdeling saman med energiske og flotte kollegaer? Me har no ledig eit vikariat på 62,5 % natt.

Hemato/endo/infeksjon er ei medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som omfattar tre fagfelt. Du vil jobba innanfor alle områda, og her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling.

I løpet av april/mai 2027 skal avdelinga delast, og det blir etablert ei eiga sengepost for kreft- og blodsjukdomar. Den som blir tilsett i dette vikariatet, vil få moglegheit til å vere med på denne utviklinga og bli ein del av det nye fagmiljøet. Dette gir ei unik moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei ny sengepost og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod for pasientgruppa.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg! 💙

Kva går jobben ut på?

  • Utføra prosedyrar som sårstell, antibiotikabehandling, kateterisering og handtering av sentrale og perifere venekateter.
  • Delta i arbeid på sengepost, undervisning, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid.
  • Ta imot og følgja opp pasientar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
  • Gi god omsorg til pasientar og pårørande.
  • Delta i tverrfaglege grupper.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Erfaring frå kreft, infeksjon og/eller diabetes er ein fordel.
  • Vidareutdanning innan kreft, diabetes eller infeksjon er relevant og vil bli vektlagt.
  • Må meistra godt norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Gode IKT-kunnskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du må kunne arbeida godt både sjølvstendig og i team.
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet.
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert.
  • Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo.

Kvifor skal du velje oss?

  • Som nytilsett får du eit opplæringsprogram som gjer at du skal kjenna deg trygg og ivareteken.
  • Me tilbyr ein variert arbeidskvardag der du kontinuerleg lærer nye ting og får utfordra deg sjølv.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA).

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5203107380
Stillingsprosent: 62,5%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktpersoner
Elisabeth Eilerås Bertelsen
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter