50 % avtaleheimel i urologi, lokalisert i Lærdal
50 % avtaleheimel for godkjende spesialist i urologi er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen
- innretning av praksis
- samarbeid med andre
Det er ønskeleg at den framtidige avtalepraksisen blir etablert i lokala til sjukehuset i Lærdal, og at det blir inngått avtale om drift av praksisen med Helse Førde HF.
Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Spørsmål om lokalisering i Lærdal sjukehus kan rettast til fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, tlf. 47 88 25 95.
Arbeidsoppgåver
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.Avtalespesialisten skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.
Avtalespesialisten skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Vilkår og rammer
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 605 000 (klasse 1) til kr. 900 500 (klasse 3).
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar før det vert gitt tilbod om avtaleheimel.
Kontaktinformasjon
Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 5189117068
Stillingsprosent: 50%
Anna
Søknadsfrist: 22.10.2026