Sjukepleiar
Ledig vikariat som sjukepleiar frå dags dato til 20.08.2028. Stillinga er organisert under heimebasert omsorg, eining 2 og har base i Holsekerdalen 20. Avdelinga har ansvar for ca 50 omsorgsbustader for menneske med ulike helseutfordringar knytt til både alder og funksjon.
Stillinga er i to-delt turnus med ein kombinasjon av langvakter på 12,5 time og ordinære vakter. Arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
Sikre eit godt tenestetilbod med individuell tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp
Bidra til at brukarane skal kunne bu lengst muleg eller heile livet i omsorgsbustad
Hjelp til personleg stell og pleie, ernæring, og bistand til daglege gjeremål
Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, og ta ansvar for sjukepleieoppgåver til den enkelte brukar og dokumentere etter gjeldande regelverk
Samarbeide med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde.
Delta i utvikling av eigen arbeidsplass og i rettleiing og opplæring av medarbeidarar
Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldande kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Ved tilbod om stilling må tilfredstillande politiattest kunne leggast fram.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- likar ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver
- er god til å fokusere på ressursar og moglegheiter framfor avgrensingar og barrierer
- er opptatt av å gjere ditt beste i høve til personen- bidra til livskvaliet og meistring
- er trygg og fleksiel med tydeleg kommunikasjon
- kan norsk, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide like godt sjølvstendig som i team
- er ein lagspelar samtidig som du kan ta ansvar og eigne vurderingar
- er løysingsorientert
- er fleksibel og villig til å jobbe i andre avdelingar ved behov
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- turnus med arbeid 3.kvar helg, 100% stilling
- alternative turnusordningar eventuelt med langvakter
- ein variert og utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og fosikringsvilkår
- regulerte løns- og avtalevilkår
- E-læringsportalen Glup og Veilederen.no
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- eit godt fagleg miljø med mange dyktige kollegaer
Kontaktinformasjon
Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612Arbeidsstad
Holsekerdalen 206065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetatenReferansenr.: 5187066665
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 20.08.2028
Søknadsfrist: 12.10.2026