Vernepleiar med relevant vidareutdanning/mastergrad
Er du klar for ei meiningsfull og spennande utfordring?
Vi søkjer ein engasjert vernepleiar med vidareutdanning, eller anna relevant tilleggsutdanning, til eit ledig vikariat ved vår tverrfaglege eining på Hjelset. Vikariatet gjeld for perioden 01.01.2027–30.09.2027.
Seksjon for habilitering av barn og unge har einingar både på Hjelset og i Ålesund, og ligg under avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering. Seksjonen er tverrfagleg samansett og omfattar fagpersonar innan sjukepleie, vernepleie, spesialpedagogikk, ergoterapi, fysioterapi, psykologi og medisin.
Arbeidet er variert og meiningsfullt, og prega av tett tverrfagleg samarbeid med fokus på heilskaplege og individuelt tilpassa tiltak.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid knytta til utgreiing og oppfølging/behandling til HABU sine målgrupper
- Arbeid i tverrfaglig team
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter vernepleiar med relevant master/vidareutdanning, vernepleiarar utan master/videreutdanning samt andre med bachelor innan helse - og sosialfagleg utdanning, vil også bli vurdert som aktuelle for stillinga
- Erfaring frå og god innsikt i fagområdet og målgruppa innan habilitering av barn og unge
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid i tverrfaglege team, både med utgreiing og diagnostisering, og med arbeid knytt til kapittel 9 og utfordrande åtferd. Erfaring frå spesialisthelsetenesta si rolle, ansvar og oppgåver på desse områda vil vere ein fordel.
- Kjennskap til Helseplattformen
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og motivert for å bidra til fagleg utvikling av habiliteringstenesta
- Du har gode samarbeidsevner og trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Du vektlegg dialog og refleksjon i personalarbeid
- Du er tydeleg og lojal til vedtak og strategiar
- Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt og kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5194515051
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.11.2026