Tilkallingsvikarer
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?
Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.
Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.
Høyrast dette spennande ut?
Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Arbeidsoppgåver
- Grunnleggjande pleie og omsorg til akutt og kronisk sjuke medisinske pasientar
- Observasjon, oppfølging og dokumentasjon av pasientforløp
- Praktiske oppgåver og daglege gjeremål på sengeposten
- Vere fastvakt ved behov
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Sjukepleiestudent eller student innan helsefag
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
- Du er ansvarsbevist, punktleg og tek initiativ
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ein unik læringsarena der du får brei erfaring med eit mangfald av medisinske problemstillinga
- Eit godt, trygt og støttande arbeidsmiljø
- Grundig opplæring og tett oppfølging i avdelinga
- Sterkt tverrfagleg samarbeid med dyktige fagmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass der fellesskap og samarbeid står sentralt
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomsta
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsordningar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5198742480
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.12.2026