Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar

Stilling
Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
5
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg?

Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale.

Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag. Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre.
Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø.

Vil du sjå kven vi er? Ta gjerne ein titt på Instagram-kontoen vår: @sengepostnevrologi_snr

Vi ser fram til å bli kjende med deg! 😊


Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og omsorg for pasientar
  • Samarbeid med sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar
  • Utføre NEWS-målingar og rapportere endringar i pasienten sin tilstand
  • Gjere observasjonar og dokumentere desse etter gjeldande rutinar
  • Utføre arbeid på skyllerom
  • Følgje pasientar til undersøkingar og behandling
  • Assistere ved ulike undersøkingar og prøvetakingar
  • Bistå pasientar i daglege aktivitetar (ADL)
  • Vere fastvakt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Sjukepleiarstudent i eit pågåande utdanningsløp
  • Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må ha eit ønske om å arbeide med menneske
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
  • Du er positiv, engasjert og bidreg til ei god stemning rundt deg
  • Du er ansvarsmedviten, påliteleg og fleksibel i arbeidskvardagen
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du viser motivasjon, tek initiativ og arbeider sjølvstendig

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. 

Kontaktinformasjon

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, Monika.Bolsones.Knutsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194860867
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 03.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter