Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?
Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset!
Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase?
Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg.
Tilsetjing vil skje fortløpande.
Vi tilbyr:
- Fleksible vakter på dag, kveld og natt
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane
- Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar
- Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande
Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell.
Arbeidsoppgåver
- Vere til stades saman med éin pasient
- Bidra til tryggleik, struktur og ro
- Utføre miljøtiltak og førebyggje uro
- Observere og varsle pleiepersonell ved behov
- Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
- Student innan helse- og sosialfag
- Pensjonert helsepersonell
- Det er ikkje krav om særskild kompetanse, men du bør ha relevant erfaring med å møte, støtte og rettleie menneske
Personlege eigenskapar
- Du er trygg og tillitvekkjande i møte med andre
- Du er roleg og tålmodig, også i krevjande situasjonar
- Du er omsorgsfull og empatisk, og viser omtanke for menneska rundt deg
- Du er ansvarsmedviten og påliteleg, og tek ansvar for oppgåvene dine
- Du er god til å byggje relasjonar og skape tillit gjennom god kommunikasjon
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, +47 45761661, katrine.dalstein.myrvang@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5188994101
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 01.11.2026