Stråleterapeut/radiograf
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig ett vikariat i 100% stilling som stråleterapeut/radiograf med oppstart snarast eller etter avtale.
Vi har også behov for sommerferievikar i 100% stilling som stråleterapeut/radiograf.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Vi er 13 stråleterapeutar og 3 fysikarar som arbeidar tett saman i teamet. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Stråleterapien disponerer moderne utstyr for planlegging og gjennomføring av strålebehandling. Vi har ein Philips BigBore CT med Sentinel pustestyring, nyttar RayStation for planlegging og har 2 Elekta Versa HD lineærakseleratorar med Catalyst pustestyring. Seksjonen er leiande innan bruk av kunstig intelligens og skripting.
Tilnærma all behandling blir gitt med VMAT-teknikk og vi gir stereotaktisk strålebehandling til behandlingsregionar som hjerne, lunge, lever og skjelett.
Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet ved eininga
- Kvalitetssikre- og gi avansert strålebehandling
- Bidra til fagleg utvikling
- Bidra til godt samarbeid mellom faggrupper i og utanfor avdelinga
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha norsk autorisasjon som radiograf
- Klinisk erfaring frå ei stråleterapiavdeling er ønskeleg
- Radiografar med ønske om å ta videreutdanning i stråleterapi
- Gode datakunnskapar
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er motivert og engasjert
- Du er strukturert og kvalitetsbevisst
- Du er nytenkande og endringsvillig
- Du byr på deg sjølv og bidreg sosialt for å skape eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit framoverlent fagmiljø som er opptatt av å vere i front med nye behandlingsteknikkar
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ver venleg å oppgi referansar.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, 70240058, kristin.farstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 156017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5211891778
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Ferievikar
Startdato: 14.12.2026
Sluttdato: 21.09.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026