Sterilforsyningstekniker

Stilling
Sterilforsyningstekniker
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søkjer to sterilforsyningsteknikarar i 100 % vikariat.

Ønskjer du å arbeide i eit fagmiljø der kvalitet, nøyaktigheit og ansvar står i sentrum? Vi ser etter deg som har auge for detaljar, arbeider strukturert og er oppteken av å levere arbeid av høg kvalitet. Hos oss er presisjon avgjerande, fordi arbeidet vi gjer er ein viktig føresetnad for trygg og god pasientbehandling.

I sterilforsyninga har vi ansvar for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr blir desinfiserte, kontrollerte, pakka og steriliserte i tråd med strenge faglege standardar og krav til kvalitet, sporbarheit og pasientsikkerheit.

Vi er inne i ei spennande utvikling og skal byggje ein ny og moderne sterilsentral som etter planen står ferdig hausten 2027. Dei nye lokala vil gi gode og framtidsretta arbeidsforhold med moderne løysingar for logistikk, rein og urein sone, sluser og avansert teknologisk utstyr. Mellom anna blir det teke i bruk automatiserte løysingar som lagerrobot, noko som vil bidra til effektiv drift og høg kvalitet i arbeidet vårt. Satsinga legg til rette for å møte framtidige krav innan smittevern, pasientsikkerheit og sterilforsyning.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og ambisjonar. Vi arbeider systematisk, deler kunnskap og støttar kvarandre for å sikre høg kvalitet i alle ledd og den beste behandlinga for pasientane våre.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr, instrument og
    fleksible skop i tråd med gjeldande krav
  • Gjennomføre nøyaktig demontering og montering av ureint og reint utstyr frå operasjon
  • Utføre systematisk kontroll, kvalitetssikring og funksjonstesting med høg grad av presisjon
  • Sikre korrekt bruk av digitale sporingssystem for full sporbarheit og dokumentasjon
  • Handtere maskiner og teknisk utstyr i samsvar med prosedyrer og krav til driftssikkerheit
  • Arbeide strukturert og effektivt for å sikre rett leveranse til rett tid
  • Oppretthalde orden, system og standard i seksjonen til ei kvar tid
  • Gjennomføre rutinekontrollar av reingjerings- og steriliseringsprosessar
  • Identifisere, melde og følgje opp avvik i tråd med gjeldande system
  • Delta aktivt i kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring
  • Utføre tildelte oppgåver med høg grad av sjølvstende og ansvar

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning (helsefagarbeidar eller tilsvarande)
  • Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern er ein fordel
  • Erfaring frå sterilforsyning eller arbeid med medisinsk utstyr er ønskjeleg
  • Generell god IT-kompetanse og teknisk forståing
  • God forståing for kvalitet, sporbarheit og krav til dokumentasjon
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2 eller tilsvarande)
  • Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting

Ufaglærte med motivasjon for å ta utdanning innan sterilforsyning eller smittevern blir også
oppmoda til å søkje. Seksjonen tilbyr strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging.

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider nøyaktig, strukturert og med høg grad av presisjon
  • Du følgjer prosedyrar og krav utan å gå på kompromiss med kvalitet
  • Du er komfortabel med bruk av moderne maskiner og digitale system
  • Du tek ansvar for eigne oppgåver og leverer stabil kvalitet over tid
  • Du tek ansvar for eigen læring og fagleg utvikling
  • Du har interesse for kvalitetssikring og smittevern
  • Du samarbeider godt med andre, og arbeider effektivt både i team og sjølvstendig
  • Du handterer eit høgt arbeidstempo på ein kontrollert og føreseieleg måte
  • Du er fysisk skikka til arbeidet, som inneber ståande arbeid og handtering av utstyr gjennom arbeidsdagen
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom positive haldningar og profesjonell framferd
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn vert oppmoda til å søkje for å fremme kjønnsbalanse

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i pasientsikkerheitsarbeidet ved sjukehuse
  • Eit sterkt fagmiljø prega av kompetanse, kvalitet og samarbeid
  • Strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging
  • Hospitering på operasjon
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, inkludert fagskule i sterilforsyningsteknikk og smittevern
  • Ein seksjon i utvikling, med ny og moderne sterilsentral planlagt ferdigstilt i 2027
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid på tvers av fagmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på samarbeid og gjensidig respekt
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og gode forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Peter Gjelsvik, Seksjonsleiar, Peter.Rene.Kviebakk.Gjelsvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5204142561
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter