Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset.
Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.
Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av hemodialysebehandling, inkludert handtering av dialysemaskiner og anna nødvendig medisinsk-teknisk utstyr
- Opplæring og rettleiing av pasientar for å fremje eigenomsorg, meistring og livskvalitet
- Utføring av praktiske og administrative oppgåver i seksjonen i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar
- Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kontinuerleg utvikling av tenestene
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring innan nyremedisin og/eller dialysebehandling
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Du har evne til å gjere sjølvstendige og gode kliniske vurderingar i møte med ei samansett og kompleks pasientgruppe
Personlege eigenskapar
- Du er oppsøkjande og nysgjerrig i møte med nye oppgåver og utfordringar, og tek aktivt ansvar for eiga fagleg utvikling
- Du trivst med både dei akutte og dei kroniske sidene ved pasientbehandling
- Du er fagleg og personleg trygg, og arbeider sjølvstendig og strukturert
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje sterke relasjonar og nettverk på tvers av sjukehuset
- Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, engasjement og profesjonalitet
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Strukturert opplæring og god oppfølging i oppstarten
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med stolte fagpersonar som deler kunnskap og erfaringar
- Moglegheit til å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag, med tett kontakt med pasientar og pårørande
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får nytte både fagleg kompetanse og personlege eigenskapar som sjukepleiar
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, 45038801, Ragnhild.Brandshaug.Vang@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5189060523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026