Spesialsjukepleiar
Alderspsykiatri SNR har vi ledig stilling som spesialsjukepleiar. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.
Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.
Ved Alderspsykiatri SNR gir vi utgreiing- og behandlingstilbod innan målgruppene:
- Personar med alvorleg psykisk liding, som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)
- Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)
- Utgreiing av kognitiv svikt
Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene.
Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i vår målgruppe
- Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
- Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar
- Noko ambulant verksemd må påreknast – tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
- Krav om god meistring av norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
- Du trivast med kombinasjonen av å jobbe både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du er oppteken av høg fagleg standard
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5176308446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2026