Smittevernlege

Stilling
Smittevernlege
Lokasjon
Hjelset, Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
01. juli
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Smittevern er eit viktig satsingsområde i Helse Møre og Romsdal. Vi søkjer ein lege som ønskjer å bidra til eit trygt, kunnskapsbasert og framtidsretta smittevernarbeid i føretaket.

Smittevernarbeidet i Helse Møre og Romsdal er organisert som ei føretaksdekkjande teneste i fagavdelinga. Stillinga er organisatorisk plassert i Seksjon for helsetenesteutvikling, med fagleg rapportering direkte til fagdirektøren i smittevernfaglege spørsmål. Stillinga har ikkje personalansvar, men har ei sentral medisinskfagleg rolle i smittevernarbeidet og inneber tett samarbeid med smittevernrådgivarane og andre relevante fagmiljø i føretaket.

Smittevernpersonalet består av fem rådgivarar i til saman 4,5 årsverk, lokaliserte ved sjukehusa våre. Rådgivarane arbeider mellom anna med infeksjonsførebygging, utbrotshandtering og andre smittevernfaglege spørsmål.

Stillinga utgjer til saman 60 prosent. Vi er opne for ei fleksibel organisering der stillinga kan fyllast av éin lege eller delast mellom to legar, til dømes 40 og 20 prosent. Stillinga kan kombinerast med klinisk arbeid etter nærare avtale. Startdato kan også avtalast nærare.

Hovudarbeidsstaden vil vere Ålesund sjukehus eller SNR Hjelset, etter avtale. Det må reknast med arbeid og nærvær ved fleire av lokasjonane til føretaket.


Arbeidsoppgåver

Du vil arbeide innan følgande hovudområde: 

  • Medisinskfagleg rådgiving: Gi råd til organisasjonen i smittevernfaglege spørsmål.
  • Fagleg utvikling: Bidra til infeksjonsførebygging og utvikling av det systematiske smittevernarbeidet i føretaket.
  • Overvaking og kvalitetsarbeid: Bidra til vurdering av styringsdata knytte til antibiotikabruk og helsetenesteassosierte infeksjonar, og bruke dette som grunnlag for kvalitetsforbetring og prioritering av tiltak.
  • Utbrotsberedskap: Ha ei sentral medisinskfagleg rolle ved utbrot og andre smittevernhendingar.
  • Antibiotikastyring: Bidra til å leggje føringar for antibiotikapolitikken i føretaket, saman med det sentrale antibiotikateamet.
  • Undervisning og rettleiing: Bidra til kompetanseutvikling innan smittevern og infeksjonsførebygging.
  • Tverrfagleg samarbeid: Samarbeide med smittevernrådgivarar, kliniske fagmiljø, mikrobiologi, infeksjonsmedisin, HMS og andre relevante fagmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i infeksjonssjukdommar eller medisinsk mikrobiologi, eller annan relevant spesialitet. Relevant erfaring innan smittevern kan kompensere for spesialitet.
  • Interesse for og gjerne erfaring med smittevern, infeksjonsførebygging og antibiotikastyring.
  • Erfaring med kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid eller pasienttryggleik er ein fordel.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar på tvers av sjukehus, fagmiljø og nivå.
  • Evne til å kombinere strategisk arbeid med praktisk og operativ oppfølging.
  • Strukturert arbeidsform og evne til å prioritere.
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å formidle faglege vurderingar på ein tydeleg måte.
  • Engasjement for pasienttryggleik, kvalitetsarbeid og fagleg utvikling.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

  • Ei sentral medisinskfagleg stilling innan eit område med stor betydning for pasienttryggleik og kvalitet.
  • Fleksibel organisering og høve til å kombinere stillinga med klinisk arbeid.
  • Eit etablert smittevernfagleg miljø med engasjerte kollegaer ved sjukehusa i føretaket.
  • Tett samarbeid med kliniske fagmiljø, infeksjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi og leiinga i føretaket.
  • Høve til fagleg utvikling, kurs og relevante faglege nettverk.
  • Lønn i samsvar med gjeldande avtalar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vi ber om at attestar og vitknemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Erik Ganesh Iyer Søegaard, Fagdirektør, 92454499, erik.ganesh.iyer.soegaard@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5151571996
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Erik Ganesh Iyer Søegaard
Fagdirektør
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter