Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg!
Vi har ledig eit vikariat, arbeid 2. eller 3.kvar helg.
Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar.
Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar.
Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.
Arbeidsoppgåver
- Dag-og kveldsvakter 2. eller 3.kvar helg
- Stell og pleie av ulike pasientgrupper
- Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
- Sjukepleie til palliative pasientar
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiestudent
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst
- Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
- Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
- Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
- Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
- Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
- Du medverker til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Julianne Hovden, Seksjonsleiar, 70058389, julianne.hovden@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5206011082
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 20.11.2026