Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar på natt med tilsetjing snarast. Spesialsjukepleiarar med relevant vidareutdanning er òg velkomne til å søkje. Vil du vere med på laget vårt?
Ved seksjon for allmenn- og alderspsykiatri SNR søkjer vi ein fagleg trygg og engasjert sjukepleiar som møter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. Vi ønskjer ein medarbeidar som kjenner eigne styrkar og avgrensingar, som tek ansvar når situasjonen krev det, og som bidreg aktivt med faglege innspel og refleksjonar i samarbeid med kollegaene sine.
Arbeidet kan vere emosjonelt krevjande. Du vil møte menneske som ber med seg vanskelege livserfaringar og som strevar med konsekvensane av dette. Difor er det viktig at du er robust, trygg i rolla di og har evne til å be om støtte, rettleiing og fagleg påfyll når du treng det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og hovudoppgåvene omfattar utgreiing og behandling av demens med åtferds- og psykiske symptom (APSD), alvorlege depressive lidingar, angstlidingar, alvorlege eteforstyrringar og andre alvorlege psykiske lidingar. Vi har tett samarbeid med andre seksjonar i føretaket, samt poliklinikken i seksjonen.
Døgnposten har ni sengeplassar, inkludert moglegheit for to intensivplassar. Seksjonen har ikkje akuttfunksjon. Innlegging skjer etter tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege, seksjon eller avdeling i helseføretaket. Vi tilbyr også rettleiing og støtte til samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då håpar vi at du søkjer. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikken
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Spesialsjukepleier med relevant viderutdanning kan og søke.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du tek utfordringar på sparket og stoler på deg sjølv
- Du er omstillingsdyktig
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
- Du er fagleg tydeleg og gjr tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive
- Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5204865620
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026