Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du være vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?

Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/spesialsjukeplaier i døgnposten vår. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering 

Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon. 
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).

Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane
  • Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Dokumentasjon
  • Medikamenthandtering - ha medisinansvar
  • Gi rettleiinng og opplæring til nye kollega
  • Pasientnært arbeid
  • Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team
  • Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Du kan arbeide sjølvstendig
  • Du tek initiativ, og er trygg i rolla som sjukepleiar 
  • Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel
  • Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Du er omstillingsdyktig
  • Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
  • Du er ein relasjonsbyggar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Arbeidskle
  • Fagleg utvikling - fagdagar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5204822896
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 01.06.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026

Kontaktpersoner
Pamela Riise Loe
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter