Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus?
Vi har no ledig 2 x100 % fast stilling som miljøterapeut ved DPS Døgn Kristiansund, med tilsetting frå snarast. Arbeidet er i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer engasjerte, fagleg trygge og positive sjukepleiarar eller vernepleiarar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel.
DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling.
Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar
- Delta i tverrfagleg miljø
- Delta/leie ulike pasientgrupper i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning
- Administrere medikament
- Rettleie studentar og personale
- Undervise pasientar og personale
- Psykoedukasjon til pasientar og pårørande
- Ansvarsvakter med hovedansvar og kordinering for drift i miljøet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande utdanning
- Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje
- Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt
- Gode munnlege og skriftleg norskkunnskaper
- Førerkort klasse B
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, initiativrik, kreativ og positiv
- Du trivast med friluftsliv og anna aktivitet
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Eli Skaug, Seksjonsleiar, Eli.Skaug@helse-mr.noArbeidsstad
Norddalsveien 376516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5208412820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2026