Sjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Sjukepleiar/Framtidig Uroterapeut søkast til Kirurgiske poliklinikker SNR!

Vil du bli spesialist på eit felt i rivande utvikling og jobbe i ein strukturert poliklinisk kvardag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å videreutdanne seg til uroterapeut, med full økonomisk støtte frå seksjonen.
Kirurgiske poliklinikkar har stor aktivitet og behandlar pasientar med eit bredt spekter av lidingar i urinveiane. Uroterapi er ein heilt sentral del av vårt polikliniske tilbod, og vi ønsker no å styrke teamet vårt med ein framtidig fagspesialist.

Vi tilbyr ei 80 % fast stilling som sjukepleiar hos oss, med ein integrert utdanningsavtale for videreutdanning i uroterapi (60 studiepoeng, deltid over 2 år, med oppstart haust 2027 i Bergen). Seksjonen dekker studieavgift, reiseutgifter til samlingar og gir tilrettelagt permisjon med lønn på studiedager etter avtale.

Vi tilbyr:

  • Ei fullfinansiert videreutdanning i uroterapi (studieavgift, litteraturstøtte og reisedekning).
  • Arbeidstid hovedsakeleg på dagtid (mandag–fredag).
  • Ein tilrettelagt studiekvardag der seksjonen legg til rette for samlingar og studiedager.
  • Eit sterkt fagmiljø med fokus på kompetanseheving, kvalitet og godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom sjukehuset.

Praktisk informasjon om utdanningsavtalen:
Utdanninga gjennomførast som eit deltidsstudium over 2 år. Det vil bli oppretta ein formell utdanningsavtale mellom sjukehuset og den som tilsettast. Avtalen inneber økonomisk støtte og permisjon under studietida, mot ei bindingstid på 2 år i 80 % stilling ved poliklinikken etter fullført utdanning.

Tilsetting etter avtale med leiar. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Assistanse ved polikliniske undersøkingar og inngrep (f.eks. cystoskopi, biopsier og enkle operasjoner).
  • Sjølvstendige sjukepleiarkonsultasjonar, inkludert oppfølging av kreftpasientar, kateterskift og skylleregimer.
  • Tverrfagleg samarbeid med urologar og andre faggrupper.
  •  Når studiet er gjennomført, vil du få eigne uroterapeutiske konsultasjonar med ansvar for utgreiing av inkontinens, blæretrening, urodynamiske undersøkingar og opplæring i RIK/KIK.

Kvalifikasjonar

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar (gjerne med erfaring frå poliklinikk eller urologi, men opplæring vil bli gitt).
  • Har ei genuin interesse for urologifaget, kontinensutgreiing og pasientundervisning.
  • Trivst med høgt tempo og raske pasientutskiftingar, men samstundes har evne til å skape tryggheit i sårbare situasjonar.
  • Er strukturert, løysingsorientert og trivst med stor grad av sjølvstendigheit i arbeidet.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle deg
  •  Er strukturert, ansvarsbevisst og håndterar ein variert arbeidskvardag
  • Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsevne og set pasienten i sentrum
  •  Personlig eignaheit for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5200907849
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter