Sjukepleiar
Vi har ledig stilling som sjukepleiar, 70 % vikariat ved Kirurgiske poliklinikker SNR!
Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar?
Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør.
Litt om stillinga:
På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Eigne pasientkonsultasjonar
Rettleiing og oppfølging av pasientar
Gjennomføring av infusjonsbehandling
Samhandling med aktuelle faggrupper
Skadepoliklinikken i akuttmottaket
Stillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar.
Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du: Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontakt
Høg grad av fagleg sjølvstende
Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
Moglegheit til fagleg utvikling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Bli med på laget!
Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Tilsetjing etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendige konsultasjonar ved osteoporosepoliklinikken
- Rettleiing og oppfølging av pasientar med osteoporose og bruddproblematikk
- Planlegging og gjennomføring av infusjonsdagar
- Samarbeid med ortopeder og øvrige fagmiljø
- Sjukepleiefageige oppgåver ved skadepoliklinikken i akuttmottaket kvar tredje helg
- Pasientrettleiing og undervisning
- Dokumentasjon og koordinering av pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg
- Erfaring fra poliklinisk virksomhet, ortopedi eller kirurgiske fagområder er ein fordel
- Interesse for forebyggande arbeid og pasientopplæring
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Trivst med å arbeide sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevne og liker tverrfagleg samarbeid
- Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til vidare utvikling av tjenesta
- Er strukturert og ansvarsbevisst
- Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø. Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5196177324
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 10.11.2026