Sjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.

I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.


Arbeidsoppgåver

  • Ulike faglege prosedyrar 
  • Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar
  • Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Dokumentasjon i Helseplattformen
  • Praktiske oppgåver i seksjonen
  • Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
  • Må ha gode datakunnskapar
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, men også god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
  • Du er ein god bidragsytar arbeidsmiljø
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt
  • Du taklar raske omstillingar
  • Du evnar å sette deg inn i nye, digitale løysingar
  • Du har god arbeidshelse og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Eline Gammelsæter, Seksjonsleiar, Eline.Gammelseter@helse-mr.no

Arbeidsstad

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194669845
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026

Kontaktpersoner
Eline Gammelsæter
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter