Sjukepleiar
Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026.
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg.
Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper.
Oppstart etter nærare avtale.
Vil du bli ein del av laget vårt? Då håpar vi at du sender oss søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar
- Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå
- Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du er ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team
- Du har gode samarbeidseigenskapar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, +47 47829022, laila.moe.winjevoll@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5186040953
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.11.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026