Sjukepleiar
Sengepost for barn og ungdom har pasientar frå 0 – 18 år innan alle fagfelt, både barnemedisin, kirurgi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl.
Sengeposten har 18 sengeplassar, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Ved interne omrokkeringer kan andre stillinger bli ledig.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år
- Pre- og postoperativ sjukepleie til barn
- Opplæring og undervisning av barn og pårørande
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Rettleiing av studentar og kollega
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
- Sjukepleieprosedyrer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid med barn
- Personleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du arbeidar sjølvstendig og i team
- Du har evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande
- Du er fagleg engasjert
- Du er ansvarsbevisst
- Du har vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Fleksiplan, turnus går over 12 veker
- Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Ingrid Eriksen, Seksjonsleiar, 70167666, Ingrid.Eriksen@helse-mr.noIrene Margretehe Takvam, Ass.seksjonsleiar, 70167667, Irene.Takvam@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5191803420
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026