Sjukepleiar
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig ei kombinert 100% midlertidig stilling med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Infusjonspoliklinikken, og Medisinsk sengepost 2. 20 % av stillinga er ved Infusjonspoliklinikken og 80 % av stillinga er ved Medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Sjekk ut Instagram: medisin2_hmr
Ved Infusjonspoliklinikken gir ein infusjonar og injeksjonar til pasientar med hovudsakleg gastroenterologiske og revmatologiske sjukdomar, men også andre fagfelt tilviser pasientar til infusjonspoliklinikken.
Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
Ved poliklinikk:
- Organisere behandlingstimar for pasientar
- Bestille blodprøver, og følgje opp blodprøvesvar i samråd med lege
- Gå gjennom kontrollskjema med pasientar før infusjon
- Blande og administrere medikament etter prosedyre
- Dokumentere i elektronisk pasientjournal
- Fellesoppgåver
Ved sengepost:
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasientens grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretakelse av pasientsikkerheit
- Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøvelse av god omsorg til pasient og pårørande
- Delta i seksjonens fellesoppgåver
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Studentrettleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskelig med kjennskap til fagområda
- For den midlertidige stillinga ved infusjonspoliklinikken må du har arbeidd klinisk i somatikken dei siste 2 åra
- Du er tydeleg og fagleg sterk
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg B2
Personlege eigenskapar
- Du evner å arbeide fleksibelt og i eit høgt tempo
- Du er motivert for varierte arbeidsoppgåver
- Du ønskjer å utvikle deg fagleg
- Du er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
- Du har engasjement for pasientane og fagfeltet
- Du er lærevillig, strukturert og evner å jobbe sjølvstendig
- Du har gode samarbeidsevner, er reflektert og tilpasningsdyktig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er teamorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, +47 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.noMarthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, 70105792, Marthe.Farstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5183758376
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.10.2026
Sluttdato: 17.10.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026