Sjukepleiar

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
3
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
14. sep.
Søknadsfrist
06. nov.
Få påminnelse
8 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % fast stilling og to 100 % vikariat ved vår kirurgiske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande.

Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv virksomheit. Vi tek imot øyeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals (ØNH), i tillegg til kirurgiske øyeblikkeleg hjelp-barn innen alle kirurgiske fagområder. Sengeposten har òg ei eiga 5-døgns elektiv eining som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, ØNH, gastroenterologisk kirurgi, gynekologi og plastikkirurgi.
Hos oss møter du eit variert pasientgrunnlag og eit breitt kirurgisk fagmiljø. Vi arbeider tett saman i tverrfaglege team for å sikre trygge pasientforløp, høg fagleg kvalitet og god pasientoppleving. Avdelinga er prega av engasjerte medarbeidarar, høg aktivitet og eit kontinuerleg fokus på fagutvikling, samarbeid og forbetringsarbeid.

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Utøve heilskapleg sjukepleie til akutte og elektive pasientar innan kirurgi, ortopedi og kirurgisk barnepleie
  • Observere, vurdere og følgje opp pasientar sin kliniske tilstand før og etter behandling eller kirurgiske inngrep
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team
  • Medikamenthandtering og sjukepleieprosedyrar i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Opplæring og rettleiing av pasientar, pårørande, studentar og kollegaer
  • Delta i fagutvikling, kvalitets- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå sengepost er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå eller interesse for kirurgi, ortopedi og/eller behandling av barn er ein fordel
  • Gode kliniske vurderingsevner og evne til å arbeide kunnskapsbasert
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og opptatt av god pasientbehandling
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere i ein travel arbeidskvardag
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du handterer hektiske situasjonar på ein roleg og trygg måte
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø og ønskjer å utvikle tenesta saman med kollegaene dine

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av kirurgiske tenester og behandlingstilbod ved sjukehuset
  • Fleksiplan, turnus går over 12 veker 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5178352629
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 06.11.2026

Kontaktpersoner
Cathrine Emilie Valgermo Forren
Konstituert seksjonsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter