Sekretær

Stilling
Sekretær
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. okt.
Få påminnelse
8 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Servicetorget er ein viktig funksjon i sjukehuset si verksemd og fungerer som eit sentralt kontaktpunkt for pasientar, besøkande og tilsette. Vi søkjer ein dyktig, nøyaktig og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle fagområdet ved seksjon for internservice.

Stillinga inneber tett samarbeid med kollegaer i seksjonen og med tilsette på tvers av sjukehuset. Du vil få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan sentralbordtenester, kortproduksjon, pasientinformasjon og samhandling med avdelingane i sjukehuset. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i Servicetorg i Helse Møre og Romsdal
  • Sentralbord
  • Kortproduksjon - IDkort og adgangskort
  • Informasjon til pasienter, pårørende og ansatte
  • Daglege driftsoppgåver
  • Videreutvikling og kvalitetssikring av servicetorget
  • Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar
  • Det kan bli endring i arbeidsoppgåver ved eventuelle strukturendring i drifta

Kvalifikasjonar

  • God IKT kunnskap og kompetanse
  • Erfaring frå servicefunksjoner innan spesialisthelsetenesta er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring med teamarbeid er en fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har gode framstillings- og kommunikasjonsevner
  • Du er sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst
  • Du er utvikling- og løysningsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner, viser fleksibilitet og endringsvilje
  • Du medverkar til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Eva Britt Lervåg, Seksjonsleiar, +47 41689191, Eva.Britt.Lervag@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5174037560
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter