Psykolog
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har to 100% stillingar for psykolog!
Arbeidet er tilknytta generalistteam eller evt akutt ambulant team med tiltredelse frå snarast.
Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.
I tillegg til generalistteam har vi eit akutt ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.
Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve.
Er du på utkikk etter ei stilling som psykolog der du vert ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad) og funksjonsforstyrringar
- Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.)
- Bidra med psykologisk fagkompetanse i teamet og i psykologgruppa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- God erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta, og gjerne med interesse for arbeid med små barn, unge med rusproblematikk, eventuelt også for nevrobiologiske nevroutviklingsforstyrringar (autisme, ADHD m.v.)
- Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysningsorientert
- Du vert kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og du er aktiv deltakar med sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
- Vi har høg grad av fagleg spesialisert kompetanse og tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass som verdsetter fagleg engasjement
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, inger.ann.berge@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209440653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026