Psykolog
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar.
Stillinga er knytt til eitt av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken.
Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.
Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing
- Psykoterapeutisk behandling
- Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing og undervisning
- Delta i utviklingsarbeid og planlegging
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som psykolog i Noreg
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, då det meste av arbeidet vert utført saman med andre team-medarbeidarar
- Du trivst med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst
- Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Personlege eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
- Tilrettelegging for spesialisering og fagleg utvikling
- Moglegheit å nytte ei spesifikk tilnærming i behandlinga
- Deltaking i relevante kompetansegrupper i seksjonen med fokus på drøfting og fagutvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.noMaria Oppigård Nilssen, Ass.seksjonsleiar, maria.oppigard.nilssen@helse-mr.no
Arbeidssted
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5178376973
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.10.2026