Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Stilling
Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. okt.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Volda sjukehus søkjer to dyktige spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønskjer allsidige spesialistar med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.

Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.

Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!


Arbeidsoppgåver

  • Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. Vi vil truleg leggje opp til ei 5- eller 6-delt vaktordning, avhengig av talet på overlegar
  • Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset
  • Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
  • Du har evne til å leie og arbeide godt i team
  • Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • Du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg dyktig og engasjert
  • Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit hjå pasientar og kollegaer
  • Du trivst med ein aktiv og krevjande arbeidskvardag
  • Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Godtgjersle i samband med flytting kan vurderast

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. 

Kontaktinformasjon

Vilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, vilde.lund.osdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5187771005
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2026

Kontaktpersoner
Vilde Lund Osdal
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter