Oralkirurg
Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR!
Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg.
ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling frå 4. januar 2027 til 17. oktober 2027. Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget. Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet.
Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar.
Arbeidsoppgåver
* Hovedsak poliklinisk/dagkirurgisk aktivitet* Det behandles også innlagte pasientar
* Behandling av kjeve- og ansiktsskadar i samarbeid med ØNH
Kvalifikasjonar
* Norsk autorisasjon som oralkirurg, spesialist i oral kirurgi og oral medisin* Mestre skandinavisk språk både muntleg og skriftleg
* Tidligare relevant erfaring vert vektlagt
Personlege eigenskapar
* Pasientorientert* Sjølvstendig
* Ansvarsbevisst
* Personlig eignaheit for stillinga
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5194513412
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 17.10.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026