Operatør syketransportbil

Stilling
Operatør syketransportbil
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
7 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du ha ein jobb med ansvar, sjølvstende og direkte betydning for pasientane si helseteneste? Vi har no ledig ei fast 100 % stilling som operatør på sjuketransportbil med oppstartsområde i Molde/SNR.

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal har ansvar for bil- og båtambulanse, luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113) og pasientreiser. Seksjon for pasientreiser har ansvar for å leggje til rette for pasienttransporten i Møre og Romsdal, og er ein viktig del av pasientforløpet i helsetenesta.

Helse Møre og Romsdal har etablert éinmannsbetjente sjuketransportbilar som utfører lettare ambulanseoppdrag. Tenesta er retta mot pasientar som ikkje har behov for overvaking eller medisinsk behandling under transporten, og bidreg til ei effektiv utnytting av dei prehospitale ressursane. Som operatør på sjuketransportbil får du ein sjølvstendig og variert arbeidskvardag, der du møter pasientar i ulike livssituasjonar og bidreg til trygg og omsorgsfull transport til og frå behandling og oppfølging.

Arbeidstida er for tida 4 dagar/veka 8.40-18.00 på kvardagar, med skiftande vekefridag.

Velkomen som søkjar til ei viktig og meiningsfull rolle i den prehospitale tenesta!


Arbeidsoppgåver

  • Sørgje for trygg, sikker og omsorgsfull transport av pasientar som ikkje har behov for tilsyn, medisinsk overvaking eller behandling under transport
  • Assistere med forflytting av pasientar mellom seng, stol og båre
  • Yte god pasientomsorg og bidra til at pasienten opplever transporten som trygg og verdig
  • Utføre dagleg kontroll, reinhald og vedlikehald av køyretøy og medisinsk utstyr
  • Bidra til etterleving av gjeldande rutinar, kvalitetskrav og tryggleiksprosedyrar
  • Samarbeide med kollegaer og andre aktørar i helsetenesta for å sikre gode pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • Har førarkort klasse B
  • Oppfyller dei medisinske krava for førarkort klasse D
  • Er fysisk skikka til å kunne handtere båre med liggjande pasient åleine
  • Har relevant kompetanse og erfaring, gjerne frå sjuketransport, ambulanseteneste, pasienttransport eller liknande arbeid
  • Har helsefagleg bakgrunn, transportfagleg kompetanse eller annan relevant erfaring som kan vere nyttig i stillinga
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjuketransportteneste vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Er påliteleg, sjølvstendig og strukturert i arbeidshverdagen
  • Har ei sterk serviceinnstilling og møter pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar på ein profesjonell og respektfull måte
  • Opplever arbeid med pasienttransport og pasientkontakt som meiningsfullt og givande
  • Tek ansvar, viser gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Er open for utvikling og ønskjer å bidra til vidareutvikling av tenesta
  • Handterer endringar og uventa situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte

Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og tverrfagleg arbeidsmiljø med samarbeid på tvers av heile helsetjenesta
  • Ein inkluderande arbeidsplass med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Ei meiningsfull rolle med høve til å gjere ein forskjell for pasientar kvar dag
  • Moglegheit til å ta del i, og bidra til vidare utvikling av eit spennande fagfelt i vekst
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og fordelaktive forsikringsordningar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Esben Magnell, Seksjonsleiar, Esben.Marcussen.Magnell@helse-mr.no

Arbeidsstad

Birger Hatlebakks veg 19
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5197216541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter