Lege i spesialisering Radiologi

Stilling
Lege i spesialisering Radiologi
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
3
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!

Sjå video frå var avdeling her
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag med mykje 1-til-1 opplæring. Vi har fokus på at nye LIS3 skal få eit godt grunnlag og føle seg trygg med tett oppfølgning når dei startar med vakt. 

Vi har no ledig 3 vikariat som LIS Radiologi, med oppstart 01.03.2027.  

Opplæring skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.

Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR.


Arbeidsoppgåver

  • Opplæring og arbeid med røntgen, CT og ultralyd
  • Etter kvart delta i radiologiske intervensjonar og MR-opplæring
  • Beskrive bilete og utføre ultralydundersøkingar
  • Kommunisere med klinikarar om undersøkingar
  • Presentere bilete for klinikarar
  • Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt), med tilstadevakt og overlege i bakvakt (delvis heimevakt)

Kvalifikasjonar

  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Norsk LIS1 eller fullført turnusteneste etter tidlegare ordning
  • Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne             

Personlege eigenskapar

  • God klinisk forståing
  • Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper
  • Interesse for fagleg utvikling og læring
  • Personlig eignaheit vil vektleggast ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, thomas.alexander.bremnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5202931774
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026

Kontaktpersoner
Thomas Alexander Bremnes
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter