Lege i spesialisering psykiatri

Stilling
Lege i spesialisering psykiatri
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
2
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
25 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

DPS Molde  har no ledig ei fast stilling  som Lege i spesialisering psykiatri frå 01.03.27.

I tillegg har vi ledig eit vikariat  frå 01.03.27 med varighet på 6-12 mnd. etter nærmere avtale.

Oppstart ved DPS Molde døgnseksjon. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS gir tilbakemeldingar om eit triveleg og godt arbeidsmiljø med høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere omlag 18-delt tilstadevakt. Stillinga vi no lys ut inngår i rotasjonsordninga. 

Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast fram i tid om ønskjeleg.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar 
  • Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar 
  • I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytt til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling 
  • Deltaking i vaktordning 
  • Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må vere oppfylte før tiltreding.
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
  • Du har interesse for psykiatri
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri med hyggelige kollegaer og fornøyde LIS3
  • Vi tilstreber å legge til rette for gode spesialiseringsløp for LIS3 med mogelegheit for å legge til rette både i forhold til rekkefølge på rotasjon, vaktbelastning og arbeidstid. 
  • Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast i deler av utdanningen. 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår 

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202

Arbeidsstad

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5198527122
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Geir Magne Nødtvedt
Overlege psykiatri
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter