Lege i spesialisering onkologi

Stilling
Lege i spesialisering onkologi
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
11 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!

I seksjon for kreft legar Ålesund har vi frå 01.01.27 ledig 2 faste stillingar for LIS 2/3. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige.

Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!

Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;

  •  Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i Ålesund
  •  Palliative team, poliklinikkar, Pusterom Ålesund/SNR/Volda
  •  Vardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusa

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.

Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.


Arbeidsoppgåver

  • Vekslar mellom polikliniske konsultasjonar og sengepost
  • Vurdering av tilvisningar
  • Deltaking på MDT-møter
  • Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
  • Deltaking i kliniske studier

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Norge
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt og framoverlent miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du deler gjerne kunnskap med andre
  • Du har gode kommunikasjonsevner

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit sterkt fagmiljø i eit fag som er i rivande utvikling
  • Gode høve til utvikling av fagleg og kommunikativ kompetanse 
  •  Ei fin vaktordning med p.t. 8-delt primærvakt som du kan verte delaktig i, avhengig av kompetansenivå
  • "Velkommen til oss - fadderordning av og for LIS"
  •  Ein inkluderande arbeidsplass
  •  Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, Synnove.Haram.Rotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 15
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5201218988
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Synnøve Haram Rotnes
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter