Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Stilling
Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund?

Vi har no eit ledig vikariat på 6 mnd., med oppstart frå snarast.

Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar. Dette gir lærerike og varierte arbeidsdagar.
Vi har likevel ikkje stor nok mengde pasientar som avdelingar ved universitetssjukehus. Du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling, operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling for å fullføre spesialistutdanninga.

Storleiken på avdelinga gjer at overlegar og LIS jobbar tett saman. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar nært anna sjukehuspersonell på heile sjukehuset.
I 2025 hadde vi 9142 polikliniske konsultasjonar og 1219 fødslar. Vi er pr d.d 10 spesialistar og 8 LIS2/3 i avdelinga. To av overlegane har PhD og endå ein overlege held på med PhD.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidskvardagen inneheld bl.a. visittgang ved gynekologisk sengepost og føde/barsel. Det er dagleg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til. Det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har pr d.d planlagte operasjonar fire dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining
  • Legar i spesialisering går pr d.d 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar strekker seg fra kl 15.00 til kl. 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgane varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen og til 09.00 neste dag
  • LIS har tilstadevakt, grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til

Kvalifikasjonar

  • Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og nytenkjande
  • Du er arbeidssam, teamorientert men også sjølvstendig
  • Du er dyktig i jobben med fagleg engasjement og gode digitale evner
  • Du er positiv, triveleg og rask til å setje deg inn i nye ting
  • Du synest at akutte situasjonar til alle døgnets timar er forlokkjande
  • Vi oppmodar og menn til å søkje

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Lena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, Lena.Huttner@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5203026205
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Lena Elisabet Huttner
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter