Lege i spesialisering indremedisin

Stilling
Lege i spesialisering indremedisin
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter. Tilsetjing er ønskjeleg frå snarast, og seinast frå mars 2027 for vikariat.

Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.

Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss.

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost 
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning.
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å samarbeide
  • Du bidreg til innovasjon
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194046261
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 30.10.2026

Kontaktpersoner
Jørn-Åge Longva
Avdelingssjef (lege)
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter