Lege i spesialisering anestesiologi
Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk Ålesund har fleire ledige vikariat for lege i spesialisering innan anestesiologi. Oppstart er 1. november 2026, eller etter avtale.
Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesilegar og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk.
Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side(med 10 sengar, 3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ei stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det augeoperasjonar, øyre-nase-hals, samt gynekologi, ortopedi, blautkirurgi og tannbehandling.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar
- deltaking i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne og trives med å arbeide i team
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Personeleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Renate Johnsen, Seksjonsleiar, 70243654, Renate.Johnsen@Helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5183733566
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.10.2026