Kreftsjukepleiar/sjukepleiar

Stilling
Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
Lokasjon
Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
14. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du å jobbe i ei avdeling der avansert sjukepleie kombinerast med nær pasientkontakt og heilheitleg omsorg? 

Som sjukepleiar har du ei viktig rolle på sjukehuset vårt, og du spelar ei avgjerande rolle i å sikre trygge og gode pasientopplevingar. Sengepost for kreft og blodsjukdomar søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ønskjer å bidra til trygg behandling, høg fagleg kvalitet og gode pasientopplevingar. 

Vi er ein fylkesdekkande spesialsengepost, og har 18 sengeplassar innan fagområda onkologi, palliasjon og hematologi. Her vil du jobbe tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø.

Stillinga er i hovedsak knytt til dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Noko nattarbeid kan likevel forekomme. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger verte ledige. 


Arbeidsoppgåver

  • Yte både grunnleggande og avansert sjukepleie til pasientar i alle faser av sjukdomsforløpet
  • Følgje opp pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling 
  • Arbeide heilskapleg og tverrfagleg med behandling, symptomlindring, omsorg, informasjon og koordinering av tenester
  • Være ein trygg støttespelar for pasientar og pårørande i ein sårbar livsfase
  • Rettleie studentar og nytilsette
  • Bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og god samhandling i pasientforløpa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innanfor kreft eller palliasjon er ein fordel
  • God IKT-kompetanse
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du viser høgt fagleg engasjement og har ønske om å utvikle deg
  • Du er ansvarsfull og arbeider strukturert og nøyaktig
  • Du bidreg til å vedlikehalde vårt trivelige og gode arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid i ei avdeling med høg kompetanse
  • Internundervisning, fagdagar og fokus på kompetanseheving
  • Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Maiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, maiken.amalie.gronningsaeter.solberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 15
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5184643568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktpersoner
Maiken Amalie Grønningsæter Solberg
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter