IKT- konsulent laboratoriemedisin
Vil du bli vår nye kollega?
Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin.
Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi.
Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank).
Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.
Arbeidsoppgåver
- Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel.
- Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå Helfo
- Oppfølgingar av all elektronisk svarrapportering
- Vere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogram
- Vere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyr
- Koordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentar
- Vere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillar
- Oppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagt
- Andre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken
- Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke
- Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt
- Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagt
- Kjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andre
- Ønskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomi
- Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskeleg
- Må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
- Du har gode samarbeids- og formidlingsevner
- Du har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskapar
- Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling, i helseforetaket og regionalt.
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5192697816
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026