Helsesekretær/Sekretær
Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar.
Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunne pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider.
Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert.
Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen.
Arbeidsoppgåver
- Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og førefallende arbeid
- Hovudsakleg dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen - som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, oppfølgingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m.
- Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våre
- Tolkebestilling digitalt
- Pasientreiser digitalt
- Tett samhandling med andre faggrupper
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
- Gode datakunnskapar
- Har du kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og imøtekomande
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Sjølvstendig og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Samarbeidsorientert og bidreg til et godt arbeidsmiljø
- Lærevillig og positiv til endring
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5195266917
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026