Helsefagarbeidar

Stilling
Helsefagarbeidar
Lokasjon
Hjelset
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Prosjekt
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester?

Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.

Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid.

Stillinga passar for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i  planleggeing, gjennomføring og evaluering av prosjektet
  • Bidra til kartlegging og forbedring av arbeidsprosessar
  • Samarbeide tett med pasientar, pårørande og ulike faggrupper
  • Utføre kliniske oppgåver i tråd med prosjektets mål

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskjeleg
  • Interesse for fagutvikling og forbedringsarbeid
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Du er serviceinnstilt og oppteken av å hjelpe andre
  • Du er sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du samarbeider godt med kollegaer
  • Du er påliteleg og positiv i arbeidskvardagen

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. 

Kontaktinformasjon

Elin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, 92436070, elin.kjonno@helse-mr.no
Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkaas@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5162573563
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026

Kontaktpersoner
Ragnhild Bjerkås
Seksjonsleiar
Elin Kjønnø
Konst. seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter