Ferievikar 2027 - Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar
Akuttmottak ved Ålesund sjukehus søkjer spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar til ferievikariat sommaren 2027.
Ønskjer du ein spennande og lærerik sommarjobb i eit travelt og fagleg sterkt miljø? Akuttmottaket søkjer engasjerte sommervikarar som ønskjer å bidra til trygg og god pasientbehandling i ein av sjukehuset sine mest sentrale einingar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver, tett samarbeid på tvers av faggrupper og verdifull erfaring innan akuttmedisin.
Akuttmottaket er inngangsporten til sjukehuset for pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Avdelinga handterer eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske problemstillingar og samarbeider tett med sengepostar, poliklinikkar, ambulansetenesta og andre fagmiljø. Vi har fokus på kvalitet, pasientsikkerheit og godt samarbeid, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Akuttmottak er ein del av avdelinga AIO, og tar imot omlag 16 000 pasientar i året.
Trivs du med ein variert arbeidskvardag, har evne til rask omstilling og ønskjer å bidra med fagleg kompetanse til vår spesialfunksjon, vil vi gjerne høyre frå deg. Ferieperioden strekkjer seg frå veke 25 til 33. Søkjarar som kan arbeide heile ferieperioden, vil bli prioriterte. Søknader vert behandla fortløpande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar/nyutdannet sjukepleiar som har gjennomført relevante praksisperiodar
- Ønskeleg med erfaring frå akuttmottak, legevakt, sengepost, intensiv, overvaking eller annan akuttmedisinsk verksemd
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Evne til å arbeide strukturert og sikkert i eit miljø med høgt tempo og skiftande prioriteringar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektroniske journalsystem
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og trygg i møte med pasientar og pårørande
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
- Du har evne til å halde oversikt og ta gode vurderingar i hektiske situasjonar
- Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og godt samarbeid med kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og lærerik sommarjobb i eit av sjukehuset sine mest dynamiske fagmiljø
- Grundig opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer
- Varierte arbeidsdagar med brei pasientkontakt og høve til fagleg utvikling
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med sterk lagånd og godt tverrfagleg samarbeid
- Erfaring frå akuttmedisin som gir eit sterkt fagleg grunnlag vidare i karrieren
- Moglegheit til å arbeide saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar som brenn for pasientbehandling og pasientsikkerheit
- Turnusarbeid med arbeid dag, kveld, natt og helg etter gjeldande arbeidsplan
- Hos oss blir du ein viktig del av teamet og får verdifull erfaring frå ei av sjukehuset sine mest sentrale avdelingar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
Kontaktinformasjon
Kristin Vestnes Sunde, Konst. seksjonsleiar, kristin.vestnes.sunde@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5207619498
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027