Ferievikar 2027 - Vikar for LIS1,  Medisinstudent med lisens

Stilling
Ferievikar 2027 - Vikar for LIS1, Medisinstudent med lisens
Lokasjon
Volda
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Feriejobb
Publisert
I dag
Søknadsfrist
31. jan. 2027
Få påminnelse
75 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinske legar og kirurgiske legar har behov for vikarar for LIS1/medisinstudent med lisens i i perioden veke 24 - 33.

Informasjon til søkjaren:

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement og arbeidsglede
  • Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
  • God kompetanse, samarbeidsevner og positive haldningar vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her 

Kontaktinformasjon

Olav Skjærpe Brattli, Overlege gastroent. kirurgi, Olav.Skjerpe.Brattli@helse-mr.no
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, Kirurgiske legar, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no
Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, Medisinske legar, Miriam.Wiksnes@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209624502
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027

Kontaktpersoner
Miriam Wiksnes
Seksjonsleiar, Medisinske legar
Therese Karina Saunes
Seksjonsleiar, Kirurgiske legar
Olav Skjærpe Brattli
Overlege gastroent. kirurgi
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter