Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar.
Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom
- Helsefagleg student (sjukepleie-/ vernepleie-/ sosionom-/ barnevern- eller psykologstudent) som har gått minst 2 år av utdanninga
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort klasse B (personbil)
- Ønskeleg med praksiserfaring innen psykisk helsevern
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsfull, løysingsorientert og strukturert
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du har stor arbeidskapasitet og et stort fagleg engasjement
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Du fungerer godt i tverrfaglege team
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Kontaktinformasjon
Janita Ulvestad Håhjem, Seksjonsleiar, janita.ulvestad.hahjem@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5209996474
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027